Referanser

«Jensholmen Båtlag har kjøpt bølgevern hos Astorplast. Dette ser så langt lovande ut. Bølgevernet har vore testa i sjø frå ymse retningar siste vinter, og meldingane er gode. Resultatet vil venteleg verte enda betre når nota får gro til med tang og tare.

Brygga flyt nokså lett, men dette vil også bli betre når treverket på toppen vert ferdig. Den vil då verte nytta til gjestebrygge, med festeøyer, vatn og straum. Det er også gode prognoser for lang levetid, då vi slepp problem med korrosjon. Brygga er 3m * 60m.» Harald Hoddevik – Jensholmen Båtlag